Vi er så heldig å ha Albertine saman med oss som
praksisstudent frå Dronning Mauds minne i Trondheim. Ho er godt i gong med å
lede eit utviklingsarbeid som omhandlar språkstimuli i barnehagen. Ho vil gjere
dei tilsette meir bevisst i samspel med barna, og legge til rette for gode
stunder der det er fokus på lesing, fortellarstunder og dei gode dialogane
mellom vaksne og barn. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver (2017)
seier at alle barn skal få god språkstimulering
gjennom barnehagekvardagen. Denne gongen valte vi å legge opp til ei fortellerstund
på tur. Tidleg morgon gjorde vi oss klar og satt kursen mot grindløa i
Gurinesen. Det var svært glatt, men vi kom oss trygt fram. Godt å trene
småfotane over marka full i snø.
Godt
plassert i grindløa starta fortellerstunda om skinnvotten og dyra som flytta
inn i den. Musa kom pipandes inn i votten, frosken kom hoppande, reven lurte
seg inn med den lange halen, ulven ulte seg inn, villsvinet grynta, haren kom
hoppandes og bjørnen var så trøytt og fant ein god varm vott å kvile seg i.
Nokre hadde stor utforskartrong rundt grindløa, enkelte hadde veldig lyst å få
halde dyra og andre satt å følgde spent med. Vi vil bruke denne fortellinga
fleire gongar, så får borna bli kjent med dyra og fortellinga. Spennande å ta
dei i bruk på tur!