06. februar er datoen samane feirer nasjonaldagen sin. Markeringa av nasjonaldagen er ei flott anledning til å tilrettelegge for at barna får eit møte med den samiske kulturen. På Raud avdeling hadde vi ulike aktivitetar og samlingar for å variere innhaldet. Vi samanlikna flagga, såg på dei flotte draktene, og høyrte om fargane – og deira betyding. Vi tok igjen fargane i alt vi laga under formingsaktivitet. Eva hadde blant anna ein formingsaktivitet der borna fekk lage lavvo i fargane RAUD, BLÅ, GRØN og GUL.
Lavvo, bål, reinsdyret si betyding for samane var noko av det vi snakka om under samlingane.
Vi såg på bilete, hadde figurar og "laga bål". Gro hadde
med seg reinsdyrskjøtt som vi smakte på, og reinsdyrskinn. Skal sei det var
mange av oss som var full av reinsdyrhår i fleire dagar, for det var så deilig å
sitte/ligge på. Linda hadde sko som var laga av reinsdyrskinn, akkurat som samane
brukar. Dei brukar ho ute no om vinteren for dei varma så godt!
Vi hadde samlingar der vi blei kjent med ulike
forteljingar. Anette fortalte om «Villrein og tamrein», der vi undra og snakke
om korleis vi skal snakke til og behandle dyr og andre menneske. Vi brukte
konkretar, såg film og tok det vidare med i leiken.
Nordlyset og reinsdyr blei fort det barna ville høyre
meir om og brukte i leiken. Så vi valte å halde på det fokuset vidare.
Då vi skulle ha avslutning for samiske veker valte vi å
ha ein fest på avdelinga, og i den anledning laga vi oss kroner. Helen hadde
samla saman mange små bilete av ulike ting som ein forbinder med samane sin
kultur. Desse blei brukt til å pynte krona. Borna fekk velje dei bileta dei
ville ha sjølv. Her var det både ulike klesplagg, nordlyset, reinsdyr, lavvo,
samiske festkoftar og liknande. Samane
har på seg kofte/samedrakt og vakre luer når de blant anna markerer festdagar,
på same måte som mange av oss her på Vatne har på bunad eller festdrakt. Så det
var kjekt for oss å lage noko vi kunne pynte oss med til festen.
På festdagen kom borna og personalet kledd i samiske
fargane, det blei delt ut ballongar, og vi tok på oss kronene. Etter vi hadde
mala reinsdyr blei avdelinga fylt med joik
og samisk musikk. «Bæ, bæ lille lam» på samisk var veldig populær! Vi dansa og
leika oss fram til mat.
Til maten fekk vi servert GULE vaflar, BLÅbær, GRØNE
druar og RAUD saft. Takk til Mette på kjøkkenet!