NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 25. oktober 2020

GRØN AVDELING LAGAR VULKAN

No når vi held på med misjonsprosjektet vårt og blir kjent med Indonesia, så har vi lært at der er det mange vulkaner. Og at det har vi ikkje på Vatne. Men kva er eigentleg ein vulkan?? Dette måtte vi på forske på. Då trengte vi bakepulver, zalo, konditorfarge og eddik.

Anja forklarte oss kva ein vulkan er, at øvst er det eit hol som ein kallar krater og langt, langt, langt nede i fjellet er det magma. Det er flytande, smelta stein og når det blir eit høgt trykk og det kjem opp til overflata då blir det lava.

Alle samarbeidde og laga vulkanfjell i sandkassa og etterpå laga vi krateret på toppen av fjellet.




Vi var veldig spent på om det kom til å skje noko når vi hadde nedi blandinga vår. Og vi måtte gå litt unna, for lavaen er veldig, veldig varm!!

Etter ei lita stund kom det lava opp frå krateret på vulkanen vår! Oj, tenk det! No hadde vi samarbeidd og laga vår eigen. Fokusorda våre var magma, lava, krater og vulkan. Seinare såg vi bilde av vulkaner og såg røyken som steig opp frå vulkanen.

(R.pl. « får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover»)