NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 12. oktober 2020

Haust – Vennskapstre på Raud avdeling

 

Språkutvikling og sosial kompetanse er ein raud tråd gjennom året på Raud avdeling. I haust har det vore naturleg å setje ord på og samtale om endringane som skjer med blada som fell av trea og alle fargane vi har i naturen denne årstida. 

Dette har vi teke med oss inn, og borna fekk måle haustblad med hendene sine. Der tok vi igjen nokon av fargane vi har sett ute i leik og på tur.


 




Vidare har vi som mål at det bibelske innhaldet skal vere ein naturleg del av kvardagen vår på Raud, og val av bibelhistorie skal vere bevisst opp i mot det det vi jobbar med på avdelinga. Den første bibelhistoria vi tok tak i dette året er om Sakkeus. Her har vi fått høyre om lille Sakkeus som klatra opp i morbærtreet for å sjå når Jesus kom ridande. Sakkeus var ikkje så godt likt då han stal pengar frå folket. Då Jesus likevel ville vere venen hans og kome på besøk, vart Sakkeus glad, og han ville gje attende alle pengane som ikkje var hans. 

Bodskapen i bibelhistoria er vennskap og korleis vi skal vere med kvarandre, og at alle er verdifull - og passa godt inn i tema på Raud. 

Sakkeus var en liten mann

Sakkeus var en liten mann

En bitte, bitte liten mann.

Han klatra opp i et morbærtre

For han ville Jesus se

For han ville Jesus se!

 

Og Jesus gikk på veien frem

Han stanset opp og sa;

«Sakkeus! Kom ned!»

For i dag vil jeg gjeste ditt hus

For i dag vil jeg gjeste ditt hus! 


Utifrå dette har alle borna på Raud vore med på å  lage eit tre som heng på avdelinga vår. Alle handavtrykka er limt på, og det same er teksten til songen om Sakkeus. Denne syng vi i samlingane vår – vi er glad i song og musikk!

Song er eit godt og kjekt verkemiddel for å styrkje borna si språkutvikling.

Lysa i treet vil vere tend på morgonane når borna kjem til barnehagen. Dei vil lyse opp i haustmørket.

Og treet er eit produkt vi har laga saman, og saman er vi god!