Blå avdeling kosa seg ute i snøen så lenge den varte, men den forsvant fort, så då laga vi like godt litt heimelaga snø vi kunne kjenne på. 😊
Oppskrifta er enkel: balsam + potetmjøl
I tillegg måtte vi sjølvsagt ha litt glitter i. 😊
Det var kjekt å lage snøballar utan å bli kald på hendene.
Utforsking og sanseopplevingar på høgt nivå.
Vi satt på songen «Skal vi lage snømann» frå Frost, og laga
fleire fine snømenn i lag.
Begge gruppene kosa seg med leikesnøen.
Nokre er samlarar, andre likar å fordele og spreie utover.
Eit tips om de vil lage leikedeig heime, er å tilsetje litt
konditorfarge i ulike delar av leikedeigen 😊
Blå avdeling gledar oss til vi kan leike i den kalde snøen,
men har det egentlig veldig fint utan også <3