Kvar morgon i Desember har vi hatt Adventsamling. Vi har trekt kven av borna som skal få tenne lys, i tillegg har
vi hatt Adventskalender av peparkaker. Kvar sin dag å ha med ei peparkake heim.
Vi har songe kristne julesongar, og
hatt forskjellege fokusord om Jul, og tradisjonar rundt.
Kvar måndag har vi også hatt
forteljingar frå Juleevangeliet. Målet er at borna skal få kunnskap og bakgrunn
om tradisjonar, og oppleve gleda ved dei kristne høgtidene.
Vi har også vore på Julevandring i
kyrkja, og spelt Julespelet på Julefesten til foreldra. Der borna fekk vere
Maria, Josef, gjeterane, dei tre vise menn og englane.
Vi
har også hatt juleverkstad, kor vi har laga julepynt og julegåver. Vi har baka
peparkaker, julemenn og pynta peparkakehus! Vi har også pynta juletreet vårt i
barnehagen.
Fredag 16.Desember inviterte vi Bikuba opp til oss på
julebord. Vi gjekk rundt juletreet og song, før vi satt oss til bords for å ete
god mat J og selvfølgelig måtte vi knuse peparkakehuset til
slutt!! NAAM, det var godt å ENDELEG få smake på
det!
Vi vil med dette ønske alle ei riktig God Jul!
Og eit godt nytt år!
Vi gler oss til 2017!!
«Eit
barn er født i Betlehem
i Betlehem
No frydar seg Jerusalem
Halleluja, halleluja!»
i Betlehem
No frydar seg Jerusalem
Halleluja, halleluja!»