Vi på Gul er allereie kome
godt i gang😊
Vi har hatt ei kjempekjekk
tilvenning, og gler oss til å bli betre kjent både med kvarandre og dei som
kjem litt seinare utover året. 😊
Vi passar på å dele gruppa
for å skape trygge og gode relasjonar til kvarandre, og lettare finne ut kva
behov kvart enkelte born har. Nokon søv tidleg på dagen, andre seint og nokon
søv fleire gongar. No i starten delar vi oss litt opp etter korleis dagen ser
ut med tanke på dei ulike behova. Litt seinare når vi kjem skikkeleg i gong,
så delar vi dei i to faste grupper, Gr1
og Gr2.
Når barnet begynner i
barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging den første tida, slik at
barnet kan oppleve tilhøyrsle og tryggleik til å leike, utforske og lære.
I dag tok vi med oss ei lita
gruppe på ein liten «undretur». Vi trilla oss ein tur opp i Haugane, for å sjå
om vi fant noko spennande der. Vi såg nokre fine høner frå vegen som vi hadde
lyst å sjå litt nærmare på. Vi fekk lov å gå heilt ned til buret for å utforske
dei litt. Det var spennande! Det var ingen av dei som sa «kykkeliky» men det
gjorde vi. 😊 Vi mata dei med blomstrar og gras.
Spennande å sjå på dei.
Kjekt
å få mate dei. Fine hønene!
I følgje rammeplanen skal Barnehagen bidra til at borna blir glade i naturen og får erfaringar
med naturen som fremmer evna til å orientere seg og opphalde seg i naturen til
ulike årstider. Barnehagen skal legge til rette for at borna kan få et mangfald
av naturopplevingar og få oppleve naturen som ein arena for leik og læring.
Barnehagen skal legge til rette for at borna kan forbli nysgjerrige på
naturvitenskapelege fenomener, oppleve tilhøyrsle til naturen og gjere erfaringar
med bruk av teknologi og redskaper. Gjennom arbeid med natur, miljø og
teknologi skal barnehagen bidra til at borna opplever og utforsker naturen og
naturens mangfold.
Vi gler oss til mykje undring og
uteliv framover! 😊