NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 12. august 2019

«Det spirer og gror» i Tryggheim barnehage august 2019


I vår var det ivrige barn som hadde god jord i pallekasser, vatna, planta frø og sette poteter bak barnehagen. Det var gulrot, reddik, neper og sukkererter. Vi såg på dei bitte små frøa og dei som var litt større, skulle det virkeleg bli skikkelege grønsaker??




Vi samarbeidde og sådde.



Og tenk at frå ei sånn mammapotet kan ein få mange poteter, 
det er nesten ikkje til å tru!


Men det gjekk ikkje lenge så byrja det å vekse og vi måtte vere flinke å vatne, 
for det treng dei for å vekse. Og så håpte vi på mykje sol og varme.


Nokre av oss var tilbake etter ferien og då var vi spent på korleis det hadde gått med grønsakene våre.


Der var små gulrøter, dei var litt for små og dei sette vi forsiktig ned i jorda igjen. Det gjorde vi med nepene også, men det var sukkererter og dei var berre knallgode!! Både alle ertene som var inni og skalet utanpå.




Reddikane vaska vi litt og smakte på, det var litt anna smak.
No er vi veldig spent på potetene om der er mange potetbarn nede i jorda og alt vi skal lage av potetene. Koke dei, potetstappe, steike dei inn i omnen, potetgull, chips og sikkert mykje anna.

R.pl.: «Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt». s.22