NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 9. juli 2019

Tryggheimdamene på Blåtur!


Fredag 28.06 var det klart for årets happening! Diverre fekk ikkje alle denne turen med seg då nokre har starta på sommarferien. Randi, Anja, Silje og Henriette var ansvarleg for årets planlegging. Fleire veker har denne planlegginga pågått, og til meir vi nærma oss, til meir nysgjerrige vart gjengen på huset. Alle fekk eigne invitasjonar i forkant der dei var førebudd på avreise, og kva dei måtte pakke i sekken. Mykje det same, men alle fekk ei eiga oppgåve til kvelden. Det var alt frå å lage ein quiz, ta med noko søtt til kaffi, og nokre måtte ta med eit par rullar med do papir. I sekken skulle alle pakke med seg klede til veret, drikkeflaske og gode sko, sitjeunderlag, handduk, lesebriller og godt humør. Kor skulle denne turen gå mon tru?

Nysteikt brownies og nøye planlegging i forkant.

Så fornøgd med t-skjortene! (Stor takk til trykkedama vår <3 ) 


 Før vi reiste frå barnehagen møtte alle på pauserommet. Der var det pølse i brød servering, og noko sprudlande frå maskina vår. Gjengen fekk utdelt ei eiga t-skjorte med trykk, og ein konvolutt til kvar bil. Dei måtte sjølvsagt pusle litt for å finne ut kor vi skulle reise. Forslaga var mange, både tur til Paris, Spania, firmaspa og……….













Men vegen bar til Kirkegata i Ålesund. Der fekk dei utfalde seg i Ålesund Escape Games. 




Tryggheim barnehage, Vatne består av dyktige damer, så ingen overrasking at alle løyste kodane og kom seg ut av både «Prison» og «Mafia». Godt samarbeid og kloke tankar var nok nøkkelen.



Frå St. Olavs plass gjekk vegen vidare til Byparken og det store apeskrekk treet. 
Der vart det ei etterlengta (for nokre) treningsøkt med Henriette i spissen. 


Etter god oppvarming gikk vi trappene til fjellstua. 
Alle kom seg til topps, og medalje for gjennomført vart plassert rundt halsen. 

 




Uttøying i parken før vi skulle til Burger King Drive thru. Nokre var svoltne, andre var tørste. Vi susa oss vidare til Reset på Krogsætra. Der fekk vi kvar vår ballong, og konkurranse instinktet slo til med dei fleste. Den som sto igjen med ein ballong til slutt vant. Vi var raske i bilane igjen, då det kom ei voldsom regnbye. Nokre hadde allereie knekt koden på kor kvelden skulle avsluttast, andre var klare for å køyre vidare.


Rett over vegen sto Vatne/Tennfjord Røde Kors hytta klar til oss. Med tente lykter og fyr i peisen fekk vi ein fin kveld. God mat, kjekke songar og quizar, nokre talar, og eit særs godt humør heldt vi på i timane utover.

Så kjekt å få vere sosial utanfor barnehage gjerdet. J
Turkomiteen takkar for laget og ynskjer gjengen vår riktig god sommar! J