Torsdag 18.juni vart ein strålande fin dag. ❤
Vi var så heldige at vi vart invitert til naustet til Nedrevold familien.
Gr.1 på Grå gleda seg veldig! Vi hadde med oss handduk for her skulle det badast.
Når vi kom fram til naustet fikk vi prøve trøbåten, trødde gjorde vi, framover, bakover og svingte til høgre og venstre.
Til 11 måltidet fekk vi grilla pølse med brød og ein herleg is, det var godt i varmen.
Vi bada, fanga fisk og kosa oss. Etter kvart tusla oss tilbake til barnehagen for å kvile oss inne på avdelinga med kjeks og saft. Takk for ein fin dag! ❤