NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 18. juni 2020

Blå nyt sommaren

Vi har den siste tida vore mykje delt gjennom heile dagen på Blå avdeling. Fine dagar har det vore, men no ville vi ha ein dag saman – heile gruppa vår. Og for ein dag det vart! Sola skein frå klar, blå himmel. Vi pakka sekkane og satt kurs mot Gurineset. Nokre i vogn, og andre med turtau. Så byta vi litt på undervegs.
Då vi kom fram fekk alle ta av seg sko og bukser, og gå med nakne små føter på småstein og sand ut i vatnet.

Nokre syns det var litt vanskeleg å gå på det ruglete underlaget. Og var forsiktig ut i vatnet.

 


Då er det godt med ei støttande, trygg hand å halde i.

Det var godt å dyppe føtene i det kjølande vatnet, og etter kvart vart vi meir trygg på det steinete underlaget.

Vi vassa, kasta småstein og høyrde lyden dei laga når dei trefte vatnet.

 


 

 

Vi fiska både raude og blå fiskar, hai – og såg krokodiller inn i mellom stråa i vatnet.




Etter ei god stund med mykje leik langs vannkanten vart vi litt kalde og litt slitne.

Då tok vi av våte klede, og nytte lunsjen vår i sola.

Etter lunsj var batteria lada, og vi var klar for leik att – i naturen sin leikeplass !

Nøgde vende vi så snuten tilbake til barnehagen. Nokre klare for kvile i vogna, og andre for kvile frå sola inne på avdelinga.
Atter ein kjekk dag på Blå avdeling – og ein fin tur saman. Det var lenge sidan sist!

- Gro Anita -