I går tok Revegruppa seg ein tur til Gurineset. Vi var
på jakt etter vårteikn. Revane har lært litt om gråsporv og kjøttmeis, og på
vegen både høyrde og såg vi begge deler.
Vi hadde sett litt
på bilete av insekt og småkryp før vi drog frå barnehagen, og jakta etter
insekt gjekk for seg med stor iver.
På veg til Gurineset gjekk vi forbi ein stubbe, som
kunne brukast som ein stol.
Det var eit kjempegodt samarbeid om å grave ned
begera vi skulle bruke som feller.
Pass på her er ei felle! Vi sette dei ut litt overalt
for å sjå kvar vi fekk flest insekt.
Kanskje finne vi maur?
Det var spennande å sjå
kva vi hadde fått i fellene, både edderkoppar og jordløperar hadde forvilla seg
oppi.
Vi kosa oss med å grille
pinnebrød før turen gjekk heim til barnehagen. Ein kjekk tur med observante barn
og vaksne som fant mange teikn på at våren er her.