NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 13. april 2016

Blåharane på «Ekspedisjons-tur»


I dag var vi enige om at vi skulle opp i skogen.


Vi gjekk forbi lavvoen vår, men måtte stoppe litt å plukke nøtter og sjekke om nokon hadde flytta inn i fuglekassa vår! Men vi såg ingen (endå vi var veldig stille), men vi høyrde mange fugler som sang fint i skogen, kanskje dei vil flytte inn??


På vegen vidare var det nokon som stoppa opp; Kom å sjå!!

 

Nokre la blad på den så den skulle ha det litt betre. Hade mus!!

 


Vi klatra, kraup, hoppa og leikte oss, det er så gøy og alle har vorte kjempeflinke og meistrer mykje med kroppen sin. 

Randi lurte på om dei ville vere med på ekspedisjon. JA! Åh, kor spennande. Vi gjekk vidare oppover, klatra og kraup. Vi såg etter froskeegg, men det var ingenting å sjå.
Kanskje vi må kome tilbake når det er litt varmare??





Vi kom inn i eventyrskog. Var der troll?? Finst det eigentleg troll?? Det var mange diskusjonar, veldig spanande.


Sola skein so fint på ei lita mark. Der sette vi oss ned og åt maten vår.



Glede!! Vi fann snø! Prøvde å lage snøball, sila oss, heldt den i handa so den smelta.




Vi såg heile verda! Heilt ut på Harøya og vi telte 5 vindmøller. Mange såg husa sine og vi kunne faktisk sjå Moa også.



Det var ein flott ekspedisjon over mo og myr, der vi klatra oppover bakke, over tre, gjennom busker og når vi kom gjennom den tette granskogen med kjempemjuk mosebotn, so kunne vi faktisk ha tenkt å budd der! Kjempeflott tur med spreke og kjekke Blåhara!