I dag var det spennande å studere om det hadde vorte liv og røre i fjøra. Det første vi såg var ei stor flyndre som låg på ein stein. Kanskje det var ein stor fugl som hadde fanga fisken? Vi fann ut at det kanskje måtte vere ei ørn! Det var mange fine skjell i fjøra, både blåskjell, hjarteskjell og albueskjell, men krabbene hadde ikkje komt fram endå. Det var nok litt for kaldt i dag. Vi kokte oss tomatsuppe med makaroni. Alltid kjekt å hjelpe til å røre i suppa! Det smakte kjempegodt.
Spennande å leike med dei flotte hjarteskjella! Flyndra var litt rar å sjå på!
Her prøver vi fiskelukka i elva.
Kjekt å lage middag på tur! Skogmusene koser seg i flott vårver!
Kvitveis fann vi i dag også.
Og vi fant eit flott klatretre i fjøra!