Denne veka har vi på
Tryggheim barnehage, Vatne hatt fokus på sola. Her i barnehagen er sola vekke
ei stund og den 12.januar kjem den tilbake til oss. Det feirar vi med solfest for alle avdelingane på barnehagen. Vi bakar solbollar og kosar oss med ulike aktivitetar. Vi har hatt ulike formingsaktivitetar
tidlegare i veka og her er nokre av resultata:
Vi måla sola på
vindauget og laga solstrålar av handavtrykka til barna.
Førskulegruppa måla, klipte og limte soler, med inspirasjon
frå t.d. Munch.
Gjennom
arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna:
• lærer å lytte, observere og uttrykkje seg
gjennom allsidige møte med og refleksjon over kultur, kunst og estetikk
•
styrkjer den kulturelle identiteten sin og det personlege uttrykket
•
tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede
•
utviklar evna til å bearbeide og kommunisere inntrykk og gi varierte uttrykk
gjennom skapande verksemd
I dag starta vi med å
samle alle barna frå Maurtua og Bikuba og song Solsongen for Nøtteliten-barna.
Sola er god, Sola er toppen.
Sola er varm og den brunar på kroppen,
Sola som skinne kvar morgon for meg,
Sola i hjartet er best synest eg.
Vi brukte kroppen vår
til å lage ei kjempe sol i bakken opp mot Solbakken.
Dei av barna som
ville, måla bilete av sola.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. Jamfør
Rammeplanen for barnehagar/utdrag frå Barnehageloven § 1 Formål
Til slutt kosa vi oss
med solbollar som vi baka om morgonen, og kakao. Nøtteliten fekk med seg
solbollar ned igjen, så dei fekk kose seg med bollar inne.