NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 7. januar 2016

ISLYKT


Vi fylte 3 ballongar med vatn som vi la ut i Solstua over natta…. 
Vi hadde lyst å eksperimentere med vatn, og sjå om vi klarte å lage ei islykt…
Skikkeleg spente sjekka vi ballongane dagen etter, men ingenting hadde skjedd… Vatnet var fortsatt i væskeform….


 

Veldig forsiktig, flytta vi ballongane frå Solstua og ut i jungelen for å sjå om vatnet ville fryse der…


HURRA…. Etter natt to hadde det skjedd ei forandring….


Jubelen stod i taket når barna oppdaga neste dag at noko hadde skjedd med vatnet. 
Det ytterste laget hadde fryst til is (fast form). 
Vi tok forsiktig vekk ballongen og tømte ut det resterande vatnet. 

Kva hadde vi fått då?? Jo ei form som vi kan setje eit lys nedi og spreie vinterstemning…

 



Den eine lykta vår gjekk i bakken med eit uhell… og knuste i mange biter… Ikkje så dumt det heller, for då fekk vi fine biter som vi kunne smake litt på… Fryst vatn / is er ikkje så verst altså :-)

Nam, nam....