I dag 13.januar har Skogmusene
og Blåharane kosa seg på isen i Gurineset! Det var spennande å skli og snurre
rundt på isen. Vi studerte sprekkene som var i isen og undra oss over korleis
det såg ut under isen. Nokre smakte på isen og
prøvde å sjå gjennom eit isflak. Vi tente opp i bålpanna og grilla pølser. Det
smakte utruleg godt! Til dessert serverte vi kakao. Godt med varm og god mat og
drikke på tur. Kjekt å gå på tur ilag,
og knyte vennskap på tvers av gruppene. Ein spennande og kjekk vinterdag på
isen!
Det er spennande å lage bål, og samle tørre kvistar som vi kan legge på bålet.