Denne
veka har vi starta opp årets misjonsprosjekt i barnehagen. Vi skal lære om Peru
og Bolivia, korleis folk leve der, kva dei et, kva dei trur på, kleda dei brukar
og dyra som bur der.
Vi
skal også samle inn pengar til barn og unge som ikkje har det like godt som oss
som bur der. Vi skal lære om korleis barn kan hjelpe andre barn!
Først måtte vi finne landa på verdens kartet.
Så
fekk vi høyre om folk, dyr og flagget til Peru.
Vi fekk høyre om maten dei dyrkar og smake på den.
Etterpå
vi hadde sett og høyrt mykje spennande om både land, folk, mat og leiker fekk
vi sjå og prøve på oss klede frå Bolivia.
Dei
var veldig forskjellig frå kleda vi bruker her i Norge, men veldig fine.
Så tok vi fly til Bolivia!
Vel
framme fekk vi sjå korleis barna der leve.
Vi
tok fly heim til Norge igjen, og bestemte oss for at i dag – etter den lange reisa
og mykje ny kunnskap så måtte det passe med taco til lunch!
Vi vil fortsette misjonsprosjektet vårt i to veker framover, og neste
veke skal vi arrangere misjonsløp i barnehagen der vi samlar inn pengar til
barn og unge som bur i Peru og Bolivia slik dei kan få eit bedre liv.
Dersom du vil bidra kan du sette inn pengar direkte på vår konto som
barnehagen har satt opp til prosjektet: 3910.54.01861 Vi takkar
for alle bidrag!