NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 9. november 2015

VERDSROMMET

Eg, Camilla, har vore så heldig å få ha praksisen min her i Tryggheim barnehage, Vatne. Eg har hatt eit opplegg som har gått over fem dagar med Revane, der temaet var verdsrommet. Vi starta med å lage eit sanserom der barna fekk være med å dekorere rommet til verdsrommet. Dette var utruleg spennande.
Det overordna målet med denne aktiviteten var at barna skulle kunne ta i bruk sin fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Dei skal kunne utvikle evna til å bearbeide, kommunisere sine inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd. Dei skal også kunne utrykke seg på ein estetisk måte.
Gjennom dette opplegget ville eg legge vekt på barns medverknad. Barna har ein utruleg god fantasi, og det er viktig at barna får moglegheit til å medverke under faste rammer i løpet av ein barnehagedag. Mestringsfølelsen til barna er enorm og det gjer at det er lettare for barna å utrykke seg med at dei får være med å bidra. I omgrepet medverknad ligg tryggheit, samhald og forståing, det er viktig at barna får støtte og utrykke seg, både verbalt og gjennom kroppsspråk og gjennom ulike estetiske aktivitetar. Det aller viktigaste er at barna blir sett og hørt. Barna må få ta del i fellesskapet og føle seg inkludert. Derfor har eg dag for dag bygd vidare på det barna har vore med å medverke gjennom aktiviteten.
·        

Dag 1 hadde vi ei samling der vi snakka litt om verdsrommet og kva som fantes der, deretter fekk vi kvar sin stjernekikkert som vi tok med oss på ferda til verdsrommet.


Astronautane klare for å reise inn verdsrommet.




Stjernekikkertane var veldig populære :-) Mykje spennande i verdsrommet. 


 

 







 Her heng vi opp teikningane av det som vi forbinder med verdsrommet.




Dag 2 fekk barna eit brev frå astronautane der dei fekk ei oppgåve om å lage ein astronaut som dei kunne ha med seg på reisa si til Venus. Dette syntes barna var veldig spennande, og var veldig ivrige på korleis astronauten skulle sjå ut.

 

Astronaut 201 klar for reise til verdsrommet!



 

Dag 3 fekk barna eit nytt brev der astronautane lurte på om barna visste kva eit stjernebilde var. Vi prata litt om stjernebilda og lærte oss korleis stjernebilde «Lille bjørn» og «Orion» såg ut. 

 

Vi bestemte oss for å skrive eit brev tilbake til astronautane, fordi vi hadde veldig lyst at dei skulle komme på besøk. Og vi hadde mange spørsmål som vi lurte på. 

Dag 4 hadde det dukka opp enda eit brev frå astronautane, denne gongen var vi utruleg spente. Vi hadde nemlig eit håp om at astronautane skulle dukke opp, men dei hadde det så travelt så dei hadde heller sendt med mange bilete frå verdsrommet og svart på alle spørsmåla vi lurte på. 


 

Dag 5 brukte vi på å lage eit romskip og romdrakter. Vi leika at vi skulle til verdsrommet å besøke planetar. Vi møtte til og med ein meteoritt på vegen!

Her er vi på veg til planeten Mars :-)





Romskipet vårt hadde til og med to spakar. Den eine spaken gjer at romskipet flyg bakover den andre gjer at det flyg framover. 

.....................

Siste dagen fekk også Harane ta del i leiken i Verdsrommet.