Tysdag 1.okt hadde personalet på barnehagen Førstehjelpskurs.
Denne gongen kom Brattvåg Røde kors for å halde kurs til oss.
Det er alltid lærerikt å vere på Førstehjelpskurs sjølv om vi brukar å ha kurs annan kvart år.
For det er viktig å repetere kunnskapen for å halde den ved like.
I tillegg til ein teoridel fekk vi øve oss på å legge kvarandre i sideleie.
Vi øvde også på det å få ut framandlegeme i munn/svelg og Hjartekompresjon på både baby og juniordukke.
Takk til Nina og Anette som var flinke kurshalderar.