Blå avdeling
jobbar med årstida vi er inne i – og som har vist seg frå si beste side og sine
vakraste fargar siste tida!
Barna skal få
naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal
bidra til at barna får oppleve tilhøyrsle til naturen. Barnehagen skal vidare
bidra til at barna blir glade i naturen og få vere i naturen i ulike årstider (
RP, 2017).
På turdagen
vår førre veke var målet å verte betre kjend med haust i naturen.
I samling før
tur snakka vi om blada som fell av trea og legg seg på bakken.
Vi lærte oss ein
haustsong:
«Se bladene de faller ned
Nå er det høst det kan vi se
Blader faller ned, blader faller ned
Se blader faller ned»
Klar for tur
satt vi kursen til Gurineset og den store marka der vi har vore før ved fleire
høve.
Med bøtter til alle, for å samle blad i.
Vi
såg mykje blad på bakken – og dei hadde mange ulike fargar, former og
størrelsar.
Vi såg på
alle dei flotte haustblada vi hadde samla og tok dei med oss til barnehagen.
Der la vi
blada til tørk inn i mellom aviser til neste dag.
Då ville vi
jobbe meir med hausten, kreativt
inne med
formingsaktivitet.
Vi la eit
blad på eit kvitt ark, og måla rundt bladet med svamp og fargane som gjekk
igjen i blada vi fann i naturen –
Raud, gul, grøn
og brunt ..
Neste dag
fant vi fram blada våre igjen i samlinga. Det var rart å kjenne på dei no.
Kor tørr dei var, kor lett det
var å knekke dei og smuldre dei opp.
Denne dagen
prøvde vi noko nytt.
Vi laminerte
blada. Då vart dei harde igjen, og det var nesten som dei glinsa.
Desse klipte
vi ut og hang opp i vindauget vårt.
I sola og i
lyslenka skin dei så fint.
Like fin som hausten er . .