NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 11. april 2019

PÅSKEVANDRING TIL VATNE KYRKJE 10. APRIL 2019

I barnehagen er det tradisjon at dei to eldste kulla blir invitert til påskevandring i kyrkja. Og i strålande sol gjekk Harane og Grevlingane til Vatne kyrkje for å vere med på påskevandring i lag med Astrid Øygard og ei dame som spelte fint på flygelet.



Vi samla oss bak i kyrkja, alle sa namna sine, og så starta vi vandringa  og  vandra  til vi var framme med alteret. Undervegs stoppa vi opp og fekk høyre om dei ulike dagane i påska, kva som hende og kvifor vi feirar påske. Og vi song  påskesongar.



Her fekk vi høyre om palmesøndag, når Jesus rei på eit esel inn i Jerusalem. Alle var så glad og la kappene sine ned på vegen og vifta med palmegreiner. Vi vifta med palmegreiner, akkurat slik som dei gjorde den gongen og song:




På vegen framover låg det påskeegg og i det neste stod det Skjærtorsdag og vi fekk høyre om når Jesus hadde det siste måltidet i lag med vennane sine, disiplane.



Vi fekk også sjå det som dei brukar i kyrkja når dei har nattverd til minne om Jesus.



Nedi dei ulike egga låg det ein liten trebit,  
som vi pusla saman og då vart det korset til Jesus.       


                                      


                                         
Midt på den fine altertavla i Vatne kyrkja er alt som hende i påska, Astrid  peikte og fortalde.



Etterpå fekk alle kvar sin blomster som vi la på grava, medan vi song: 



I barnehagen har vi hatt samlingar og vorte kjent med det som skjedde i påska. Vi har dramatisert, lært påskesongar og laga påskelandskap. Det å bli invitert til kyrkja på påskevandring er ei oppsummering av det barna har fått kjennskap til i barnehagen. Og dei set tydleg pris på gjenkjenning av påskeevangeliet og er delaktig i forteljinga.

«Barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringar med at kulturelle uttrykk har ein eigenverdi.» (R.pl.)