NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 10. april 2019

Påskekyllingen

I dag hende det noko spennande når Gul avdeling gjekk på tur! 

Heile gruppa skulle gå seg ein tur rundt i bygda i det fine vårvèret. På vegen ned mot Fauskegarden såg vi brått noko stort og gult som sprang rundt mellom huset og låven! Den laga lydar og, «Pip Pip» sa den!

Det var ein kylling!
Det var jammen bra vi såg den litt på avstand for dette var spennande.. og litt skummelt!
                              

Vi kunne sjå at kyllingen bærte noko med seg.. noko stort og ovalt..

Dette gøymde den i båten før den vart borte like fort som den kom!

                              

Då var det trygt å gå ut av vogenene ..
Vi gjekk bort til båten for å sjå kva som låg der.
Det var eit stort egg!

Snille kyllingen hadde lagt igjen eit påskeegg til oss på Gul! 

                              

Vi såg på egget, kjende på det og rista på egget, det var noko oppi – 
og vi måtte opne å sjå!



Ut stakk det først noko gult, mjukt. 
Det var ein liten kylling i egget. 
Då måtte vi synge sangen vi har lært oss og som vi liker så godt!

En liten kylling i egget lå
Den banka og banka og banka på..
Her er det trangt eg vil ut å gå
Peip den å ynka seg der den låg..
Hakk, hakk, hakk, hakk,
Egget det sprakk!
Og en liten kylling ut av det stakk!

Men, det var endå meir i egget! 



Alle borna fekk kvar sin liten påskesjokolade og
der var ei STOR såpebobleflaske som Henriette testa ut før vi rusla opp til barnehagen.






Med dette ønskjer vi på Gul avdeling alle små og store ei strålande Påske – ver god med kvarandre!



Helsing alle på Gul