På Raud avdeling skal vi utover våren ha om temaet Havet. Og vi byrjar med forteljinga om Jesus som ein dag gjekk om bord i ein båt saman med vennane sine. Dei skulle over på den andre sida av sjøen, men undervegs møter dei på ein storm. Jesus hadde lagt seg til å sove, og vennane blei redd og visste ikkje kva dei skulle gjere. Dei ropte til han og til slutt vakna Jesus. Jesus fekk roa ned både sjøen og vinden, og vennane blei både forundra og glad.
På Raud har vi byrja med å introdusere forteljinga. Vi bruker konkreter for å få fram det visuelle. Etterpå har barna fått mala havet. Maleriet skal vi utarbeide vidare med både båt og Jesus i.
Etter aktiviteten og samlinga får barna leike med konkretane. "Hjelp Jesus, store bølger" høyrer vi under leiken!