NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 29. mai 2020

Tur til Vatnevatnet

Torsdag 28.05.2020 og atter ein turdag for kohort 3 og 4 på Grøn avdeling. Det er ei spesiell tid me er inne i no og kanskje på veg ut av snart? 
Vi på kohort 3 og 4 synst i vert fall tida eigentleg har vore veldig fin, med så mange turdagar på kort tid og så mange fine turmål går tida nesten litt for fort. 
Vi er så heldige å få låne oss eit naust nede ved Vatnevatnet der me verkeleg får utfolde oss. 
Ein sandhaug, eit tau som  blir festa på tobeinte hestar, balansetau og mykje vatn. 



Heile Vatnevatnet ligg for våre føtter der nede, og med vatn, håvar og glade barn kan me ikkje be om meir. 
Der er det heilt fantastisk!
Bålpanna, gløymte vi å nemne bålpanna? Den som held oss varm og gjer det lett å lage noko god turmat.- I dag var det grilla ostesmørbrød  som sto på menyen og det var sååå godt.
Tusen takk, fine naust og natur for at de er akkurat som de er. Me kosar oss. 
Helsing små og store på Grøn avdeling.