Det
er ein merkeleg tid vi er inne i no, og det er mykje ein skal passe på, og
mykje som skal prøvast. Barna har på denne tida vore veldig tilpassingsdyktig,
sjølv om ting kan kjennast litt rart! På bilde ser vi eine vindauget på
avdelinga som eit barn har fått mala. Flotte blomar, med sol og hjarte i himmelen.
På
Grå har vi to og to kohortar som samarbeider.
Og vi bytter på anna kvar dag å vere i barnehagen, og å vere på tur.
Foreløpig har vi vert nokså heldig med vêret og fått gode turopplevingar.
Dei vaksne med kosar seg godt ute!
Vi
får verkeleg vere i nærområdet på Vatne og oppleve våren som er i full
blomstring, og sjølv på tur finn vi på mange aktivitetar. Men vi må
innrømme at vi gleder oss til det blir enda varmare ute.
I løpet av dei to første vekene har vi vore i Gurineset, på bedehuset,
gått tur rundt i Vatnedalen og på travbana fekk vi springe alt vi kunne –
akkurat som hestane gjer når dei er her.
Vi har mange spennande prosjekt på lur.
Når vi er inne på avdeling har vi ulike aktiviteter knytt opp mot 17.
mai. Vi skal lage litt forskjellig pynt og bruker ulike teknikker for å gjere
det meir artig.
På Grå har vi, som alle andre, stort fokus på å vaske hender, ha god
hygiene, vaskar leiker og rørte overflater ofte. Barna blir med oss inkludert i
dette så langt det går, og mange av barna er veldig glad for å få vere med på
det. Vaske
leiker har blitt ein stor favoritt. Vi vaksne går over det etterpå om det er
nødvendig.
Under
måltida smør vi vaksne maten til barna, og til to måltidet får dei ofte ein
eigen skål med frukt, kjeks, havrefras, rosiner og liknande. I tillegg smør vi
skrive og knekkebrød om dei har lyst på meir.
Det
er aktive barn som er glade for å leike saman igjen, og vi håper på mange
flotte solrike dagar framover. Det har vert ein flott oppstart!
Helsing kohort 1 og 2 på Grå!