NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 15. mai 2020

Vårtur i vinterlandskap



Kohort gruppene 3 og 4 på Blå avdeling tok torsdag 14.05 beina fatt og la i veg på tur med turtauet.

På planen til avdelinga står å få kjennskap til årstida vi er inne i no, VÅREN.
Men, skal det vere så mykje snø ute når våren er her da …?

Dyktige små som gjekk heilt opp til lavvoen. Det var ikkje berre berre når snøen hadde lava ned og lagt seg som eit tjukt kvitt teppe.







Sjå den lange, bratte bakken vi klarte å gå opp! På toppen måtte vi ta ein pust i bakken med eit lite grovkjeks i handa ..



Etter litt energi påfyll var vi klare for siste etappe opp til turmålet, lavvoen i skogen.

Den var nesten dekt av snø, så vi måtte koste vekk snø før vi kunne opne teltopninga og gå inn i teltet.




Her var det fint å sitte!







Vi fyrte i omnen og fekk varme pølser med brød, og varm saft i koppane våre. Det smakte jammen godt etter ein lang og strevsam tur!










På utsida av teltet kunne vi leike i snøen, og då laga vi ein snømann og pynta den med små kvistar til hår.


 


Sjølv om det var mykje snø ute såg vi små teikn som vitna om at våren er på veg.

Snø som vert varma av sola og som smeltar om til vatn..

 

Grøne små skudd som bryt seg fram gjennom snøen ..


Frys blada på trea og graset på bakken no skal tru? 

På vegen attende til barnehagen gjekk vi ned den same bakken som vi gjekk opp – det var mykje kjekkare å gå ned ! 
Vi gjekk, sprang, datt, sila på rumpa og rulla i snøen. 
 

Latter og god stemning. Slitne og nøgde. Gode vener på tur.  💙