NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 20. mai 2020

Eit lite livsteikn frå Raud!



Idag tirsdag (19.mai) har Raud avdeling (Kohort 1+2) vore på tur til Gurineset! I det siste er dette berre ein av mange fine turar vi har hatt, men vi må få sei at turane med opplett vær er dei finaste vi har, vi gleder oss til skikkelig sommervær, sjølv om vi alltid vil kunne mimre tilbake til då vi laga snøhest i mai... 


 
Vi hadde samling i Gurineset om "det bortkomne lammet" etterfulgt av aktiviteter der vi telte sauer, sorterte sauer etter farga, dei fekk kvart sitt hus i fargane raud, blå, grøn og gul. Barna engasjerte seg, men det var nok sangen "Du er du og du duger, og at lammet gøymte seg for gjeteren eller Jesus som barna kalla han som satte mest spor. Vi gleder oss til å jobbe videre med dette. 


Vi fyrte i bålpanna for å steike ostesmørbrød og rydda rundt oss i Gurineset, det trengtes, der var mykje rot. Gurineset er eit slikt fint turmål og vi er glade for at vi kan vere der, beina klarer å gå sjølv og det er mykje å finne på der; fiske hai, kaste stein på vatnet, utforske og klatre i skogen..  Det er idyllisk! 

Når vi kom tilbake var det godt å slappe med litt Peppa Gris. Og det var så fint å høyre at eit av barna sa idag: "Eg liker dykk alle eg vennane mine".