NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 11. mai 2020

Ei lita Gul gruppe på undretur……

Kvardagen vår har blitt noko annleis enn då vi stengte i mars. Vi nyt dagane i mindre grupper, rolegere dagar med mindre trakk i dørene frå vaksne og ein forutsigbar kvardag for alle. Nokon dagar startar vi inne, medan andre dagar ute. Vi kjem ferdig påkledd og magen har allereie fått frukost, så dagane ligg til rette for mykje meir tid til leik og moro. Samtidig prøvar vi å halde på dei lærerike rutinesituasjonane ilag, og brukar tid til påkledning, måltid og ikkje minst handvask saman. Vi er delt i mindre grupper, så det er litt rart å berre vinke hei gjennom vindauget, men etter alder og kjemi har vi funne gode grupper saman.

Fleire turar i nærmiljøet har vi fått til sidan oppstart, og turar likar vi godt. Det er så mykje spennande vi møter på vår veg, og vi søv så godt i hengekøyene våre.

Vi har vore på leit etter vårteikn, men etter det kvite som kjem frå himmelen, tyda det på vi har vore tidleg ute, eller?! 

No har vi fått ny luft i turvognene våre, så her ligg alt til rette for lengre turar med god trillekomfort. Vi ventar spent på kattungar i Gurinesen der eine pusen berre blir rundare og rundare rundt magen. 
                                     


Vi er stadig på tur til Vatnebrua for å sjå etter Bukkene bruse trollet. 


I Haugane har vi funne eit fiskehaud, det både lukta og såg litt rart ut. Kven har lagt det på graset?