NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 20. juni 2016

Sommarfest på Maurtua

I dag måndag 20.06 hadde vi Sommarfest med utdeling av permane vi har hatt dette året. Nokre av barna startar på ferien sin no, og difor feira vi i dag medan dei fleste var her. Vi starta med høgtidleg utdeling av permane, og Randi takka dei for året som har gått. For Revane er dette noko av det siste dei opplever i barnehagen så det vert samstundes ei avslutning av tida deira i barnehagen.



Etter utdelinga fekk dei bla litt i permane før det var tid for mat. Dei som ville fekk vere inne og spele to nye spel som vi fekk av Revane, og bla meir i permane sine etter maten og.


I dag var det  ståande buffet, med smørbrød, frukt, gele og is.




Vi ønskjer alle dei kjekke barna på Maurtua og foreldra deira, ein riktig god sommar!


Varme klemmar frå Dagrunn, Linda, Silje, Liv, Anita, Mette, Marianne og Randi