NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 12. august 2016

SISTE DAG PÅ "GAMLE" TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

Det var ein litt vemodig dag på Tryggheim barnehage, Vatne i dag. Revane, som skal starte på skulen hadde sin siste barnehagedag og alle vi andre hadde den siste dagen i barnehagen før den skal rivast og byggast ny.

Vi har vore å sjekka dei nye barnehagane.


Her er vi på «Brakkebarnehagen» og der var det full rulle!!  Dei måla, det var snikkarar, elektrikarar, rørleggarar. Ute var det  gravemaskin og ein lastebil som kom med rør og ein septiktank (Æsj..)

På «Brakke-barnehagen» skal 1 og 2 åringane vere.



Før vi gjekk oppatt måtte vi helse på Nøtteliten.



So måtte vi vidare for å sjekke «Bedehusbarnehagen»! Oppe skal Maurtua (5 åringane) vere og nede er det Bikuba (3 og 4 åringane). Åh, det var veldig, veldig spennande!!



Det var eit stort rom og der var det mange kjente ting. Sofa, bord, leiker og mykje meir. Vi var eigentleg klar til berre å leike oss.


Men fann ut at oss måtte no ned i kjelleren og sjå kvar Bikuba skal vere.



Vi gler oss til at vi kan besøke kvarandre på «Bedehusbarnehagen», kan berre gå opp og ned trappa. Og vere mykje i lag ute på barnehagen.



Kjempestor platting og skog vi kan leike i.


Det har vore mykje arbeid å pakke og tøme barnehagen. Torsdag var det dugnad og mange foreldre stilte. Supert! Det vart jobba på uteområda på begge barnehagane og bilane gjekk i skytteltrafikk frå den «gamle» til dei nye!




 




Så den siste dagen i denne Tryggheim barnehagen, var det nesten ingenting. Leiker, bord, stoler og alt det andre var flytta. Rart!! Men vi hadde god plass til å springe, danse og leike oss.


Frukostbordet vårt!!


Vi åt mat i lag alle. Det var litt rart for vi gjekk inn med regnbukse og støvler. Alle sat på golvet og åt, tenk at det går ann..


Revane sang «Første dag i første klasse» til oss. Lykke til på skulen alle saman, oss kjem til å sakne dokke!!




Litt vemodig og rart. I dag 12. august 2016 er det siste dagen i denne barnehagen. 
Det er 43 år sidan den vart opna i september i 1973, her er det mykje som sit i veggane. Det er mange, som har gått her og mange som har hatt arbeidet sitt her. 

No ser vi framover mot ein heilt ny barnehage, men i mellomtida vil vi ha det kjekt i «Brakkebarnehagen» og «Bedehusbarnehagen»!!