Etter at vi no er etablert i «nybarnehagen», er det kjekt å gå på tur
til den «gamle» uteleikeplassen.
I vår sådde barna på Maurtua og Bikuba frø og sette poteter. Vi måtte difor tilbake til «gamlebarnehagen» for å sjå på grønnsakhagen vår, - og
plukke litt rips. Det var spennande å finne bittesmå minigulrøtter, sukkererter
og redikkar. Minigulerøttene var kjempegode, men vi må nok vente litt til før
vi haustar dei. Reddikkane hadde blitt store no, og så fann vi nokre flotte,
grøne erteskolmar med erter i. Redikkane hadde fin raud farge, men nokon synst
dei smakte litt «sterkt». Det var veldig spennande
å plukke ripsbær. Dei var sure og gode! Potetene hadde ikkje vokse seg store
nok endå, så dei får vi hauste litt seinare.
Det var kjekt å leike Kaptein Sabeltann i skuta, og i gapahuken var det legekontor. Spennande å treffast igjen etter sommarferien!
Dette barnehageåret vil vi også setje fokus på vennskap og inkludering!