NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 10. juni 2016

TRAFIKKDAG I TRYGGHEIM BARNEHAGE 10. JUNI 2016

I dag var endeleg dagen her som alle borna hadde gleda seg til, dei fekk ta med eigen sykkel og hjelm til barnehagen, for i dag var det klart for trafikkdag. Det heile starta med at trafikkvenen vår Tarkus kom på besøk, han helste på alle borna og fortalte dei kor viktig det er å bruke hjelm når vi er ute å syklar.


Tarkus er eit beltedyr. Han har ni belte på ryggen sin, og når han er i bil har han ti. 
Då er han eit bilbeltedyr. Tarkus er karakterisert ved at han viser omsorg for andre, 
og er opptatt av korleis barn ferdast i trafikken. 
Ein veldig god trafikkven som alle borna i barnehagen er glade for å ha.
Borna har jobba med korleis vi skal ferdast i trafikken. 
Tema som har blitt tatt opp er:
-        Bilbelte
-        Sykkelhjelm
-        Refleksvestar

-        Kva vi skal passe på når vi er ute å går på tur.



Alle syklistane klare for sykkelløype!


Trafikklysa er på plass!


Skilta er på plass!


                                                               Vente på grønt lys.                                                                    

.                                  Sjå seg for! Er det er trygt å passere?                                  


Løvungen må også ha på hjelm når han skal sitte på med sykkelen. 


Full fart rundt barnehagen. 


Alle borna fekk utlevert sykkelbevis for gjennomført trafikkdag!



Vi avslutta dagen med mat og frukt som smakte veldig godt for slitne syklistar J
Kjekk og lærerik dag for store og små!!