NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 2. mai 2018

Leikens mangfaldige rom – Klatremusene


«Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, 
og eigenverdien til leiken skal anerkjennast» 
(Rammeplanen 2017: 20)

Det er heilt fantastisk å få observere, lytte og vere delaktig i den leiken borna har. 
I gruppa vår ser vi at rolleleiken får ein større og større plass, og dette kom tydeleg fram på ein tur til den gamle bedehusbarnehagen sitt leikeområde – ja her var det mykje god og kreativ leik. 



Det var ein samla gjeng som starta i sandkassa – her måtte det lagast veg til bilar, hus til biller og i tillegg så var der eit hol. Der forsvant det lastebilar i som dei måtte hjelpe oppatt.


Nede i skogen er det ein stor stein. Eller stein? Nei, det er ei sjørøverskute, og der er kaptein Sabeltann. Han var på jakt etter skatten sin. Vi måtte synge «hiv og hoi, snart er skatten vår»


Og det var ingen tre her i skogen heller, berre hus med soverom og kjøkken som vi kunne bo i. På kjøkkenet blei det laga mykje god mat – og mange bursdagskaker.


Men tilbake til sandkassa og billa vi måtte lage hus til. Den var så spennande å sjå på. Den hadde ein spesiell farge på seg, og barna syns den var stooor. Det var kanskje tryggast å lage eit hus nedi sanden til den, for da kunne den vere der!



«Personalet skal observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar» (Rp18)