Torsdag trossa Ekorna regnveret for å kome oss ut på tur – for vi
skulle nemleg noko veldig spennande denne dagen. Vi skulle opp til den andre
barnehagen for der hadde dei kyllingar.
Søte små kyllingar!
Alle kledde godt på seg og hadde refleksvesten på, for å kome oss opp
til Bedehuset så må vi gå i trafikken, og då er det viktig at vi blir sett.
Alle borna hadde ei hand å halde i, og vi gjekk alle mann opp litt spente i
kroppen.
Gruppevis gjekk vi inn i Bikuba si stove. «Hysj, kva er den lyden?»
«Kan vi høyre kyllingane?» «Pip pip pip» kom det frå ei kasse. Vi lyfta lokket
og nedi der var det fem små gule kyllingar som kika på oss.
Dei vaksne holdt ein kylling i handa si, så borna forsiktig fekk stryke
over kyllingen. Mjuke var dei, ja full i gul og brun dun. I kassa såg vi at der
var nokre egg som kyllingane hadde bodd i før, så da måtte vi synge kylling
songen:
«En liten kylling i
egget lå. Den banket, og banket, og banket på.
Her er det trangt, jeg
vil ut å gå, pep den og ynket seg der den lå.
Hakk, hakk, hakk! Egget det sprakk! Og en lite kylling ut det stakk».