Denne perioden arbeidar vi med eventyret om
skinnvotten. Vi har lese eventyret, dramatisert og vi har halde på med
formingsaktivitetar for å bli kjend med dyra i eventyret.
Hovudmålet med prosjektet er :
·
Vennskap og inkludering, noko som vert aktualisert i eventyret der det
eine dyret etter det andre får kome inn i votten.
·
Språkstimulering, både gjennom å høyre eventyret og setje ord på det som
vi held på med.
·
Naturen om vinteren, vi fokuserer på å ha det kjekt ute i snø og kulde.
Vi kosar oss med varm mat og/eller drikke på tur. Vi leitar etter spor i snøen
og får erfare varierande underlag, med bare vegar, is og snø om kvarandre.
Vi lagar bilete
ved å kombinere ulike teknikkar som maling, klipping og liming.
Handa får vere mal for votten.
På
tur dramatiserte vi eventyret.
Sjå også Skinnvotten del 1 Revane for å lese eventyret og sjå korleis ein også kan jobbe med temaet.
Sjå også Skinnvotten del 1 Revane for å lese eventyret og sjå korleis ein også kan jobbe med temaet.