Kjekt med litt snø, slik at vi får halde på med
snøaktivitetar!
På mandag 1.februar laga vi snøfigurar.
Barna på Bikuba trylla fram både Olaf, Anna og
Elsa!
Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom
for barns
egen kulturskaping og bidra til at alle barn får
oppleve glede
og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap.
(Barnehagelova § 2 Barnehagens innhold)
Med
barnekultur forstår vi her kultur av, med og for barn. Barn deltek i kultur og skaper sin eigen kultur. Barn gjenskaper
sjølve og fornyar kulturen i samspel med kvarandre, med vaksne og med det
kulturmøtet dei får med andre menneske og situasjonar. Barn tolkar inntrykka
sine og skaper meining ved å leike og gi form til det dei er opptekne av.
Kulturskapinga og leiken til barna fremjar kommunikasjon på tvers av kulturar.
Barn må få høve til å uttrykkje seg gjennom mange «språk» og kombinere dei i
leikande fellesskap og med ulike estetiske uttrykk. (Rammeplan for bhg)
Stolte barn som trylla fram Elsa, Anna og Olaf. Olaf med flott gulrotnase. Smakte godt gjorde
den også J
Kreative barn som samarbeider om å trylle fram
snøfigurar. Spennande å få litt farge på snøen! Barna var flinke til å hjelpe
kvarandre og vente på tur.