Skogmusene starta fredag 12.februar med å plukke ut nokre barnebøker frå eige «barnehagebibliotek» som vi las høgt for barna. Vi delte oss inn i små grupper og barna fekk velje kva for bøker dei ville høyre. Det er spennande å lese gode barnebøker!
Fredagane er Haram folkebiblioteket på Vatne ope, og i dag bestemte vi oss for at alle Skogmusene skulle gå på biblioteket. På biblioteket var det mange flotte og fristande bøker og ulike spel. Lisa på Haram folkebibliotek sa at ho ville invitere oss til biblioteket på «Eventyrstund» ein dag. Vi gler oss!
I barneavdelinga fann vi både bøker og spel! Mange
ivrige barn som skal låne med seg bøker!
I Rammeplanen for barnehagen
står det at personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning
og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.