NLM BARNEHAGENE AS

TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Grå avdeling

* Grøn avdeling

* Raud avdeling

* Blå avdeling

fredag 18. november 2016

BARNAS MISJONSPROSJEKT - BARN HJELPER BARN I KINA.

I haust har vi på «Bedehusbarnehagen» vore med på Barnas Misjonsprosjekt, som dette året har hatt fokus på Kina. 

Det er to prosjekt ein støttar i år:
1.    «Left behind children» (fråreiste barn). Det betyr her at anten mamma eller pappa, eller begge to, har reist frå barna sine. Dette for å få seg betre jobbar slik at dei kan tjene meir pengar. Prosjektet som vi samlar inn pengar til er å betre situasjonen som barna er i. Og hjelpe dei vaksne til å sjå barna og vise dei omsorg og kjærleik.
2.    Barn med funksjonshemming. I Kina vert mange funksjonshemma sett ned på. Ofte blir dei oversett i samfunnet og mange blir forlatt av foreldra sine. Svært mange får heller ikkje gå på skule. Pengane vi er med på å samle inn, skal gå til arbeidet i kyrkja der dei har laurdagsskule. Her får dei høyre at dei er verdfulle i Guds auge og dei får lære om Jesus. Der har dei også vanlege skulefag, som engelsk, lesing, skriving og rekning. No ynskjer dei å starte eit senter som kan ha ope kvar dag og ikkje berre laurdagar.


Maurtua har prega avdelinga med ting vi har fått lånt som er frå Kina, prøvd kle, hattar og sko. Laga kinesisk mat, prøvd spisepinnar, sett film og høyrt fortellingar og sett bileter frå Kina.


Vakker kinesisk lampe.

                         Vi drakk kinesisk te!                                                                                                          
        
Vi reiste med fly til Kina. Barna fekk flybilletter, måtte sjekke inn, det var nummererte seter og servering av flyvertinne undervegs. På flyreisa vart det vist film frå Kina.



                             

Det var kjekt å få besøk av Hege Dalhaug, som har vore utsending i Kina, ho besøkte oss to gonger. Ho fortalde litt frå korleis dei har det i Kina, viste bilder og hadde med seg ulike ting som t.d. klede, leiker, og kva dei vart brukt til. Desse fekk vi låne med ho. 



Etter samlingane har vi hatt ulike formingsaktivitetar. Som t.d.

           

Måla Pandabjørner og laga «CD-bjørner».




Vi har vorte kjent med flagget til Kina.

På morgonmøta har vi samla inn pengar borna har hatt med til barn i Kina.


Mål med prosjektet er:

Vi ynskjer at barna skal:
  •        Utvikle toleranse og respekt for kvarandre og kvarandre sin bakgrunn.
  •        Lære litt om misjonsarbeid.
  •        Lære å sjå andre menneske og gi til andre menneske.
  •        Lære om andre land og det konkrete landet som er i fokus.

Torsdag 17. november frå  kl.14.00 og til 16.30 hadde vi «Grab and go» på barnehagen på både Bikuba og Maurtua. Då fekk ein kjøpe vafler og inntekta gjekk til «Barn hjelper barn i Kina»




Vi takkar for kr.2850,- som vert sendt til Barnas Misjonsprosjekt.

Kontonummeret til Barnas Misjonsprosjekt er 82200290131
Innbetalingen må merkast med «Barnas Misjonsprosjekt 11255»