NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 4. september 2018

TRYGGHEIM BARNEHAGE PÅ VATNE 45ÅR

Vi gratulerer oss sjølve med 
45års dagen vår 04.09.18!



Det har vore ei rivande utvikling frå 4.sept 1973 då barnehagen offiselt opna og fram til i dag.

Tryggheim barnehage ligg i Vatne sentrum og vi har kort veg til fjell, fjord, vatn, butikk, bibliotek og barneskule. Barnehagen vart bygd av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1973, - med ei avdeling for barn i alderen 3-7 år. Husmorlaget på Vatne hadde drive barnepark på området tidlegare. Våren 1978 sto andre byggetrinn ferdig. Barnehagen hadde no to avdelingar og i alt 36 plassar. I 1993 vart «Solstua» bygd. Der fekk vi plass til uteleikene og ein del reiskap/utstyr.

Vinteren 2000 sto eit tilbygg ferdig. Her vart det plass for kontor, personalrom, grupperom/arbeidsrom, og garderobe for personalet. Vi fekk større kjøkken og eit opphaldsrom midt i barnehagen. Det vart gjort ein del ombygging på avdelingane, og det vart lagt til rette for å tilby plass til dei yngste barna. Tryggheim barnehage, Vatne hadde no ca. 46 plassar (alt etter alder og opphaldstid) for barn i alderen 0-6 år.

Barnehageåret 2014-2015 hadde vi så stor søknad at vi måtte leige oss lokale på det tidlegare Helsehuset for å kunne tilby nok plassar. Ønsket om ein ny og større barnehage begynte å tre i kraft. Vi flytta utav den gamle barnehagen hausten 2016, og i januar 2017 vart den jamna med jorda.
Våren 2018 stod nye lokale ferdige i Ulvestadvegen 4. Vi har no fem avdelingar med ca.102 plassar (dvs.ca 78 barn alt etter alder og opphaldstid) 

Gjennom byggeprosessen var vi fordelt på to plassar. Dei minste 0-3år held til i «Brakkebyen» utanfor Helsehuset, medan dei eldste 3-6år held til på Vatne bedehus. Vi gler oss over å vere samla igjen!!



Vi er eigd av NLM-barnehagene AS som driv 33 barnehagar på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). I tillegg driv NLM 7 barnehagar åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar. NLM-barnehagene AS er eit ikkje-kommersielt selskap. Eventuelle overskot skal nyttast til å utbetre og styrke medlemsbarnehagane. Og det er difor vi har våga å satse på ein ny barnehage her på Vatne

NLM barnehagane AS har ein felles formålsparagraf:
Barnehagen skal i nær forståing med heimen hjelpe til med å gi barna ei kristen oppseding i eit godt og trygt miljø. Han skal gi gode utviklings – og aktivitetstilhøve og utvikle deira evne til å samarbeide med andre, bere ansvar og ha omsorg for medmenneske både i heimlandet og mellom andre folkeslag.”

NLM barnehagane AS presenterer barnehagane sine slik:

  • Vi formidlar kristne verdiar som nestekjærleik, menneskeverd og tilgjeving.
  • Vi fortel barna om Jesus og lar dei høyre forteljingar frå Bibelen.
  • Vi gir gode utviklingstilhøve i eit pedagogisk miljø.
  • Det enkelte barn står i sentrum for vår omsorg.
  • Vi tilset kvalifiserte, positive vaksne som brukar tida saman med barna.
  • Vi let barna få fysiske utfordringar både inne og ute.
Så vonar vi at barnehagen her på Vatne 
fortsatt skal vere til glede for 
barn, foreldre og bygda i åra framover.