I dag var dei eldste borna på Ekorna på tur til Lavvoen vår. Det var bratt og litt langt å gå, men borna var så flinke på tur. Vi song, høyrte på dyrelydar, øvde oss på å gå med turtau, venta på kvarandre og hjelpte kvarandre. I dei brattaste bakkane måtte vi rett og slett sette oss litt ned av og til. Men humøret var på topp!
På turen kika vi på ulike vekstar i grøftekanten og opp i skogen. Og det var utruleg kjekt å kome seg opp til lavvoen. Stor meistringsglede!
I skogen storkosa vi oss med klatring og leik. Vi var til og med på jakt etter krokodiller. Vi fant også ein bæsj og vi lurte på kva slags dyr som hadde vore der. Bjørn, ulv, rev eller hund? Nokre trudde det til og med var ein edderkopp som hadde vore der. Den måtte ha vore stor, kom vi til!
Ein super kjekk dag med fysisk fostring og mestringsglede
og ikkje minst ei kjensle av samhold og fellesskap!