NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 11. juni 2018

Welcome to the jungle

Takka vere dyktige foreldre på dugnad har gjerdet på skogsområdet (nedstesida) kome på plass. Det er kjekt å få eit nytt område barna kan utforske og leike seg i. Vi kallar området for JUNGELEN J



Her er det store tre som blir brukt som sjørøvarskip, hus, gøymestad og til å klatre i. 


Der er mykje liv på bakken også. Mange rare og flotte insekt vi kan studere.


Vi har også funne trekløver – og dei har vi smakt på. Litt surt, men godt.


I jungelen er det eit bildekk. Det er så gøy når det trillar fort ned bakken, men då må vi skrike ut om det er klart først, sånn at vi ikkje triller dekket på nokon. 


Tusen takk til foreldra som bidrog! Vi har det supert her i jungelen J


«Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna» (Rammeplanen 2017:11)