NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 8. juni 2018

SKOGMUSENE PÅ TUR TIL ULSTADSÆTRA 7. JUNI 2018

Turdagen vår i dag skulle gå på opp mot Ulstadsætra, vi skulle sjå kor langt vi kom. 
Alle vognene var komt på toget og vi gjekk av gårde.


Det var mykje spennande å sjå på undervegs. Både maura som kraup, rose som skal bli til nype, andre blomster og løvetann vi måtte blåse!!




Det var til og med blomster som skulle bli til markjordbær, tenk det då!




Vi sette oss på ein benk, såg på himmelen og kanskje husa våra, medan vi venta på kvarandre. Det var mange plasser vi måtte stoppe og klatre, på berg eller trestammer. Hoppe måtte vi også!


Det er godt å ha ei hand å halde i når ein er på tur. 


Vi kom opp på sætra!! Kjempeflinke å gå alle saman. 
Og vi måtte sjølvsagt skrive namnet vårt i boka.



Nokre hadde vore der før og ville opp til det Store vatnet (Ulstadvatnet). Vi snakka om at det var drikkevatnet vårt, og at der var ei hytte ute på vatnet kunne nokon fortelje. Spennande! Dit ville alle, helst no, med ein gong.



 Vi åt den gode nista vår, før vi leika meir på sætra.


Ko-ko, sa det. Tenk det var gauken som gol!   Det var ikkje alle som hadde høyrt før og vi måtte synge «Jeg gikk en tur på stien»

Det var ein kjempefin tur og spreke Skogmuser, kven skulle trudd dette i haust??
Vi har hatt ein flott og spennande tur, der vi har brukt kroppen vår, leika og undra oss i lag!


Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring.

(Rpl:52)