Endelig var dagen her!
Torsdag 21.06.18 var det tid for den tradisjonelle
overnattinga i barnehagen. Dette er
første gongen nokon overnatter i den nye barnehagen vår! Revane har gleda seg
lenge, og vi har i fellesskap planlagt
kva vi skulle ha med, kva vi skulle ete, kor vi skulle ligge og kva vi skulle
gjere på.
Det krible nok litt i magen då dei møtte i barnehagen
torsdag ettermiddag med sovepose og
kosedyr. Vi kosa oss med taco, men størst stas var nok det å krølle seg ned i
soveposen og sjå på "kino".
For mange av 5/6-åringane er overnatting i barnehagen ein
milepæl i forhold til kjensle av meistring ved å sove borte.
Det blir rart når denne flotte gjengen skal starte på
skulen.
VIL ØNSKE ALLE EIN RIKTIG GOD SOMMAR
OG LUKKE TIL VIDARE
I LIVET 💙❤