NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 14. juni 2018

Lille Larven Aldrimett på tur med Skogmusene


I dag var Lille Larven Aldrimett med Skogmusene til Gurineset. Alle var så glad for å sjå den, han helste og ga klem til alle.


Vi las frå boka om larven. Skogmusene veit at den er skriven av Eric Carle.


I dag åt larven seg gjennom 5 appelsiner. Vi såg på fargen, forma, størrelsen og telte. Kvar veks dei og kva kan vi bruke dei til?



Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna utviklar forståing for grunnleggjande matematiske omgrep. Dei skal få leike og eksprimentere med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på.

Fagområdet omfattar leikande og undersøkjande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling.

Rammeplanen 2017 s.53





Takk for ein fin tur!