Da var det dags for ein Klatremustur ut i det vi
trudde kom til å bli ein skikkeleg regnværsdag. Måndag 25.juni kom det heldigvis
aldri regn – det blei berre varmare og varmare. På turen fann vi likevel teikn
etter at det hadde regna, nemleg store sølepyttar!
På turen gjekk vi innom Stall Nedrevold, for der
var det nemleg ein veldig flott ponni som vi måtte helse på. Hei hei hesten J
Vårt neste mål var å
gå ned til ei bru. Kanskje bur trollet her? Vi plukka uansett med oss blomar,
så kunne vi kaste ned frå den eine sida og springe over for å sjå om dei kom
seilande nedover elva.
Vi fann oss ein benk like ved elva, og det passa bra for vi var svolten! Her kunne vi også undre oss meir om elva, og dei runde store kvite ballane på marka – det var marshmallow kom nokon fram til.
Vidare fekk barna bestemme kor vi skulle gå, og
alle var einig om at vi måtte gå gjennom skogen nedafor benken. Den såg litt
skummel ut, så det var nok nokre magar som kribla godt når vi gjekk nedover.
Det var heldigvis ikkje så skummelt,
og gjennom
trea kunne vi glimte til elva inni mellom.
Vi kom fram på ei stor mark. Her skal det nok
dyrkast mat til kyr, så vi måtte ikkje gå så langt inn på marka. «Første mann
ned til skogen» ropte den vaksne og alle heiv seg med!
Eit liten skogholt vidare og vi kom ned til eit
vatn.
Vi kasta litt steina før vi gjekk vidare
bortover langs vatnet.
Det var litt spennande for her var det kvitt
skum som bølgjene tok med seg. Kva kan det kome frå?
Etter vi hadde gått litt kom vi fram til ei
strand.
Her kunne vi skrive i sanden med pinnar.
Vi måtte prøve å få tak i ein stor pinne som låg
uti vatnet med.
Den fekk vi tak i til slutt J
Det blei ein god tur
og ein veldig kjekk tur der barna fekk utforske og undre seg over det vi såg i
naturen. Beina blei litt slitne på veg tilbake til barnehagen, men alle var ved
godt mot!