NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 1. februar 2017

Det er SÅ kjekt å leike med vatn...


Vatnet kan eg bruke til så mykje rart.
Vi drikk ein del av det frå flaskene våre,
men det er veldig spennande å snike seg til å smake det vatnet som er ute med.
Vatnet er viktig lass i lastebilen, og i mange bøtter.
Vatnet skal lage veg i sandkassa og gjere sanden blaut.
Middag og kaker blir laga av vatnet, sjølv om det ikkje smaka så godt. 


Ein dag når det ikkje var vatn ute så kom ein vaksen med ein slange,
og nye store dammar blei skapt.
Da kunne vi ha såpe i vatnet slik det kom mykje skum,
og det var spennande det! Tenk at vatnet kan gjere så mykje rart.