NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 29. januar 2017

Hakkebakkeskogen på Maurtua


No har vi kome skikkeleg i gang med temaet Hakkebakkeskogen på Maurtua. Noko av det vi starta med, var at alle barna fekk fargeleggje ein modell av seg sjølv, der dei limte på hovuda sine. Desse modellane brukte vi til å lage ein ring rundt eit sitat av Morten Skogmus frå boka om «Dyra i Hakkebakkeskogen». Dette sitatet handlar om korleis ein kan ha det kjekt om alle hjelper kvarandre og er snille med kvarandre. Noko som gjeng veldig godt inn i hovudtemaet vi arbeider med dette barnehageåret: 

Vennskap og inkludering.



For å prege avdelinga med temaet, har vi laga fleire store tre. Her samarbeidde barna først om å male stammen, sidan om å klippe ut blad, blomar og gras som vi limte på bileta.




Vi har og laga til bakeriet til bakermester Harepus J
Dette viser bakeriet frå utsida. Etter at desse bileta vart tekne, har vi
laga tak på huset, og laga til meir inne i Bakeriet.

                              

Her lagar barna hyller til å ha bakevarene i.



Vi har høyrt på lydbok, lest i boka om Hakkebakkeskogen, øvd på songane i boka og vi har spelt Hakkebakkeskogspelet. Vi har og laminert karakterane frå boka, som vi nyttar når vi les boka og dramatiserer. 

MIKKEL REV

Vi må og lære noko om dei ulike dyra som bur i Hakkebakkeskogen
-        Kvar bur dei?
-        Kva for mat et dei?
-        Korleis ser spora deira ut?
-        Er alle desse dyra vener i den verkelege verda?
Kanskje er vi så heldige å finne spor etter dei når vi er ute på tur, både spor i snøen og spor på kongler og nøtter som vi finn i skogen. Dette er lettast om det kjem litt snø, men merker på greiner, kongler og nøtter kan vi finne uansett.

Dette er berre starten på prosjektet, som vi skal halde på med denne våren.