Om vinteren
er sola vekke ei stund med oss i barnehagen,
og kjem igjen i midten av januar. Dette feirar vi med ein
stor solfest J
Denne
gongen var det Maurtua som var ansvarleg for festen. Borna starta om morgonen å
laga velkomstplakat til Bikuba. Dei teikna rundt hendene, klipte ut og limte på
ei rund sol. Nokre av barna skreiv «Velkommen til solfest» og andre fargelagte
rundt.
Når alle borna hadde ete frukost var det klart for
aktivitetane for dagen. Vi baka deilige Solbollar, mala soler med gaffel på ark,
og vi klipte ut store soler, og limte på solstrålar. Dei vaksne teikna også
soler i ansiktet på borna til dei som ønskte det J
Når alle
borna var ferdige med alle aktivitetane var det klart for ei lita songstund! Vi
måtte jo synge til sola, så kanskje ho dukka opp i løpet av dagen?
Etterpå var
det klart for mat, vi måtte no sjølvsagt smake på dei deilege Solbollane vi
hadde baka!! NAAM, dei var kjempe gode!!
Etter mat
var det tid for uteleik. Dessverre var ikkje sola komen, men borna blei minst
like glade når dei såg all snøen som hadde kome!! YEES jubla dei alle saman!
Vi håper på ein fin vinter/vår i barnehagen med mykje sol J
«SOL, SOL, KOM IGJEN
SOLA ER MIN BESTEVENN
VEKK MED SKYER, PARAPLYER
HOLD NÅ OPP Å REGNE»
SOLA ER MIN BESTEVENN
VEKK MED SKYER, PARAPLYER
HOLD NÅ OPP Å REGNE»
«SOLA ER GOD
SOLA ER TOPPEN
SOLA ER VARM OG DEN BRUNER PÅ KROPPEN
SOLA SOM SKINNE KVAR MORGON FOR MEG
SOLA I BARNEHAGEN ER BEST SYNES EG»
SOLA ER TOPPEN
SOLA ER VARM OG DEN BRUNER PÅ KROPPEN
SOLA SOM SKINNE KVAR MORGON FOR MEG
SOLA I BARNEHAGEN ER BEST SYNES EG»