På torsdag
var vi i gamle barnehagen for å ake i akebakken bak barnehagen for aller siste
gong. Når vi kom til barnehagen var arbeidskarane allereie godt i gong med å
setje opp gjerde rundt barnhagen, som vi ser på bilete over.
På måndag
byrja dei arbeidet innandørs med riving, og dette måtte vi ned for å sjå! På
onsdag kledde alle Revane i førskulegruppa på seg, å la i veg mot gamle
barnehagen.
Dette var synet som møtte oss! Det var veldig rart å sjå barnehagen vår slik!! Alle dører og
vinduer var tatt ut, og arbeidskarane var i full sving med arbeidet innandørs.
Medan vi sto å såg på kom arbeidskarane ut frå vindauget på
loftet å kasta ned ting som skulle kastast, det var kult å sjå!! Dei måtte ha
hovudlykt inne på loftet for å sjå. Alle borna spurte nysgjerrig til
arbeidsmannen kva det var han kasta, og han svarte att det var leidningar og
masse skrot! Han var veldig opptatt, så han for inn igjen på loftet for å finne
meir han skulle kaste!
Vi gler oss til å følgje byggeprosessen med ny barnehage J